onsdag 24. august 2011

Nytt tema for nettsida: Slektstreff 2012

Denne sida vart oppretta med søskenbarntreffet i 2010 som formål. No opnast sida opp, slik at den ligg tilgjengeleg på internett utan innlogging, samt at kven som vil kan kommentere artiklar som ligg her.

Vi planlegg altså slektstreff for tverangsslekta i 2012, på Hardbakke i pinsehelga. Vi arbeider med opplegget med tanke på innhald, overnatting, mat og organisering elles. Slektstreff-komitéen administrerer denne sida, og legg ut informasjon etterkvart.

- Kjartan, Kjell Rune og Ingveig

mandag 7. juni 2010

Meir info om treffet 19. juni

Her kjem litt meir informasjon for søskenbarntreffet 19. juni.

Vi møtes altså på Herdla lørdag 19. juni, rundt klokka 12.

Etter litt tid til innsjekk på Herdlevåg Gjestehus, og oppsamling av folk ettersom de kjem, ser vi for oss ein tur på øya frå kl. 13. Ta med kle & sko til tur i allslags ver, evt etter vérmeldinga...

Heller enn lunsj på Gjestehuset, legg vi opp til lunsj på turen. Du må dermed ta med deg lunsjmat/niste/grillmat/eingongsgrill og drikke, til lunsjen. Handle evt. dette før du forlet sivilisasjonen på veg til Herdla. Nokre av oss er lokalkjende på Herdla, slik at vi får med oss litt gaiding på vegen. Staden har også tilknytning til slekta vår - det kjem nok også for ein dag.

Vi håpar på å få opna muséet til oss ut på ettermiddagen, men det har vi ikkje fått avklart enno. (Viss ikkje, er det som vanleg opent på sundagen). Etter tur og evt. muséum, ser vi for oss at neste samlingspunkt er kl. 17, til forfriskningar på kaia/uterestauranten (som på det tidspunktet sannsynlegvis er veldig solfylt...).

Vi har middagssamling på Gjestehuset kl. 19. Dersom det er vér og varme til dét, kan vi flytte gildet utandørs. Til denne stunda, som innledning til middagen, ynskjer vi at alle er førebudd på ei lita presentasjonsrunde. Vi håpar kvart søskenbarn (evt. saman med ledsager) kan presentere seg og sin familie, kvar ein bur, kva ein driv med, litt om barn (og barnebarn). Vi er mange og kvar har berre litt tid for at det skal gå rundt, men vi trur alle vil sette pris på denne runda.

Utover dette får vi berre sjå kva kvelden vil bringe.. Har du eit trekkspel eller ein gitar på lur, er vi sikre på at ein finn sitt publikum på kaikanten i junikvelden!

Dersom du har spørsmål, evt. treng overnatting frå fredag, så kan du ta kontakt med Kjell Rune eller meg, så ordnar vi nok det.

- Vel møtt, og beste helsing frå Kjell Rune (tlf. 913 61 624) og Kjartan (tlf. 930 53 965)

tirsdag 26. januar 2010

Velkommen til søskenbarntreff 2010

Vi inviterer med dette alle søskenbarn med ledsager til søskenbarntreff på Herdla, i Herdlevåg Gjestehus

lørdag 19. juni













Se mer om stedet her: www.gjestehuset.no

Husk påmelding innen 7. februar, se tilsendt invitasjon.